Siste nytt

Siste nytt

18.nov, 2023





24. okt, 2022




18. des, 2021






7. des, 2021


14. nov, 2021

11. nov, 2021

30. nov, 2020

28. nov, 2020

20. nov, 2020

15. okt, 2020

1. sep, 2020

20. des, 2019

15. des, 2019

11. des, 2019

5. des, 2019

30. sep, 2019

20. des, 2018

15. des, 2018

28. nov, 2018

25. sep, 2018

21. des, 2017

24. nov, 2017

21. nov, 2017

6. nov, 2017

5. sep, 2017

21. des, 2016

25. nov, 2016

19. okt, 2016

24. des, 2015

21. des, 2015

15. des, 2015

13. des, 2015

11. des, 2015

7. des, 2015

5. des, 2015

4. des, 2015

2. des, 2015

17. nov, 2015

Juletrea er ferdig merka, og klare for hogst, når den tid kjem. 

For deg som vil ha eit ekstra stort, eller spesielt på eit anna vis, so ta gjerne kontakt i god tid.


Merking av juletre

Er i full gang med merking av juletre. Dette er alltid godt å vere ferdig med før snøen kjem. Når jula nærmar seg og hogsten kjem i gang, er det viktig at eg då er ferdig med å bestemme ka for tre som skal koggast.

Førjulstreff

For å dempe smittefaren har vi valgt vekk både kafe inne i gredahuset og riding av hest ute på plassen på årets Førjulstreff, som er i morgen, 19.des. Vi er på plass frå kl.11. Stort utval av juletre + +. Kaffi, gløgg og platekake har vi for sal ute i grindabygget. Kl.14 trekker vi ut ein vinnar av lotteriet av eit juletre på fot. Der alle under 20 år kan vere med gratis.

Gratulere

Den nasjonale konkurransen av Norsk Juletre om å vinne eit juletre. Ei dame frå Fonn i Stardalen var den heldige vinnar. Ho kunne velge blandt fleire produsentar. men for ho var Klakegg Juletreskog eit naturleg val. Dette var kjekt. Gratulerer!

I dag, 2. søndag i advent

Etter kl 12 i dag, eg Klakegg Juletre med i ein konkurranse, der du kan vere med. Norsk Juletre legger ut ein konkurranse på facebook i kl 12. Klakegg juletreskog er blandt dei som gir vekk eit juletre til den heldige vinnar. Eg "Trygve Bolset" kjem til å dele den på facebook. Følg med og bli med!

Førjulstreff

Blir i år søndag den 19.desember frå kl.12. Emirense er på plass med hesten sin, der du kan få deg ein fin ridetur i området. Grendalaget er på plass i Grendatunet med servering av varmmat, kaffi og kaker. Bålpanna er tent opp ute ved grindabygget, so dette blir ein koseleg dag. Er du her (ute, ved juletresalget) kl.14, og er frå 0 år til og med tennåring, får du gratis vere med i ei trekning av eit lite juletre m/fot, som passer fint til dømes på eit barnerom eller i ei kjellarstove.

Ønsker du juletre tidleg, eller merke/hogge sjølv.

Ta gjerne kontakt i god tid, so vil eg gjerne hjelpe deg

Juletre for sal

Etter ei hektisk helg med hogst, so har eg no juletre utstilt på låven, klare for sal.

Førjulstreff

I år blir Førjulstreff søndag den 20.des. kl12. Juletresalget blir akkurat som før, men kafè blir det ikkje. Nettsida er ikkje oppdatert, kjem snart.

Sky-walk

Sist onsdag vart 4,5 m høg Fjelledelgran feldt, transportert til Førde og reist på Sky-walk`n. Eit basketak for å få på plass. Eg syns den tar seg minst like fint ut der som det den gjorde opp i Klakegsbakkane.

Er snart i mål med merking av hogstklare juletre.

Ser ut til at eg har rikeleg med juletre i år. For eventuelle nye oppkjøparar av større parti, so har eg fjelledelgran å tilby.

Merking av juletre

Er no i full gang med merking av årets hogstklare juletre. So langt ser det svært bra ut med både kvalitet og kvantitet.

Søndag den 22. des, frå kl 10 og ut heile dagen

Juletresal har vi kvar dag frå gardstunet, men søndag tenner vi opp bålpanna og setter fram årets julekaker og kaffi. Etter mange lange arbeidsdagar roer vi ned i dag i lag med deg.

Førjulstreff

I dag blir det mykje folk og god stemning. Vi tenner opp bålpanna, Emirense kjem med hesten (fjording), inne i Grendatunet har grendalaget laga til kafé. Ute er det utstilt massevis med juletre m.m. klare for sal. Passa ikkje dagen i dag, so kom gjerne opp i tunet, men er ofte lurt å ringe på førehand.

Gode kundar

Eg var i den lokale avisa i dag, vart vist vel negativ i mine kommentarer opp mot Coop Ops. Det er vel slik konkurranse vi må leve med i tida framover. Eg er egentleg opptemist. Eg har so mange kjekke kundar, som lete vel og kjem igjen år åtter år. Nettopp dei gjer at eg ser lyst på framtida

Hogst av juletre er i full gang

For deg som vil ha eit spesielt julete, ekstra høgt, eller spesielt på andre måtar, so er det alltid lurt å vere tidleg ute. Gjerne i månadskifte nov/des., eller ta ein telefon no med det samme.

Merking av juletre

Er godt i gang med merking av årets juletre. Har nok mindre juletre i år enn tidlegare. Dette medfører at eg ikkje har juletre til oppkjøparar av større parti. Eg har likevel rikeleg til det lokale markedet, dvs. alle mine kundar mellom Sandane og Førde.

Juletresal frå tunet

For dei som ikkje har fått tak i eit juletre enda, so vil eg meir enn gjerne vise deg runt på tunet og på låven. Her vil du truleg finne det juletreet som du er ute etter. Du er i alle høve hjarteleg velkommen.

Juletresalet i gang

Juletresalet er no i gang for fult. I dag finn de meg mykje heime. I mårå er det full rulle med "førjulstreff" her ved Klakegg Grendatun. Håper på mykje folk denne dagen. Måndag blir ein dag med mykje utkøyring av juletre, men blir heime på kvelden. Seinare i veka blir eg mykje heime, men ringer du på førehand, so er du meir på den sikre sida på å treffe meg heime.

Juletre i hagen?

Om du no vil sikre deg eit fint julettre i god tid før jul, eller om du vil ha eit rimelig juletre til hagen. Har no ferdig hogde juletre til ditt behov. Har bra belysning på låven, so du kan komme også på kveldstid. Ring gjerne på førehand. tlf.99725158

Merking av juletre

Det er fortsatt lenge til hogst av juletre er i gang, men det er no forberedelsane må gjerast. Alle juletre som skal ut i år må merkast no før snøen kjem.

Sal av juletre

Sal av juletre har godt veldig bra og i dag er siste dagen eg har stand på Sandane og i Førde. Gardstun-salet heime i Jermestunet på Klakegg forset naturlegvis heilt fram til jul. I mårå (fredag) på dagtid, må eg føreta ein nødvendig julehandel, so då bør du ringe meg først for å forsikre deg om at eg er heime.

Måløy

Denne veka var eg til Måløy med eit lass med juletre til julegata der. Ellers har eg ikkje starta hogstsesongen endå, foreløbig berre til utandørs bruk, bortsett frå hotellet som naturleg nok må ha det på plass no når juleborda begynne.

Jørpeland

Det var ei jevn og hard konkuranse om tittelen "Norges flottaste juletre", der årets vinnar blei frå Agder, Ola Sløedal. Gratulerer!

Norges flottaste juletre

No er den lokale (Hordaland og Sogn og Fjordane) konkurransen over og eg med mitt juletre har fått den ære å stille opp i den nasjonale finale, som går føre seg i Jørpeland i Rogaland den 16. november

Merking av årets juletre

Har no starta merking av dei juletreea som skal takast ut i år. Til oppkjøparar som ønsker å kjøpe større part, so er nok det meste oppbestilt, men har noko ekstra fjelledelgran på 2,5m - 3,5m.

Det har gått unna med juletre

No dei siste dagane vil du truleg fortsatt finne juletre ved butikkane i området. I dag står eg ved Amfisenteret i Førde frå kl 10, med dette blir siste dagen her. Heime i tunet på Klakegg vil eg ha juletre heilt fram til jul. Om vi går tome på låven, so går vi i skogen etter meir. Juletrea står tett rundt tunet, so om du vil hogge ditt eige tre, so passer det fint.

Norges flottaste juletre

I dag sendte eg ei fjelledelgran med posten øst-over. Som einaste juletre-produsent frå fylket, skal eg vere med i finalen i kåringa av "Norges finaste juletre" på Aker Brygge den 3. des

Merking av hogstklare juletre

Kvart år før eventuell snø, bør all merking av tre vere ferdig. Takket ver eit fantastisk haust vær, er eg no i rute og kan forsikre dykk at det blit eit godt utval av juletre i år også. I år har eg ekstra mykje fin vanleg gran.

God Jul

Ynskjer alle ei riktig god jul og eit godt nytt år

Siste juletre

Siste dagane har mange juletre skifta eigar. Sjølv om beholdninga av juletre er sterkt redusert dei siste dagane, so er det fortsatt igjen. Kanskje lurt å ringe på førehand, for å forsikre deg at eg har juletre også til deg. tlf.99725158 Trygve

Sandane og Førde

I dag og dagane fram over tar Andreas med seg juletre, nek, nobilis, juletrefot for sal. Han finn du utan for Heradshuset på Sandane frå kl.10. Eg sjølv starter opp salet i Førde ved Handelshuset i mårå.

Juletre-hogsten

Er no ferdig med årets hogst. Eit stort takk til alle dei som har vore med og hjelpt meg. No står salet for døra. Ønske du kjøpe her i tunet, so har vi som tidlegare utstilt tre på låven på Bolset, men no også i tunet på Klakegg. Kanskje lettast å finne nokon heime på Klakegg, ring gjerne på førehand.

Breim og Jølster

For dei som vil kjøpe juletre hjå sin lokale butikk, so er no alle daglegvare-butikkane i Jølster og Breim forsynt med juletre for sal.

Aust-landet

I dag gikk mine aller første juletre aust over. To kara frå Otta kom og fylte opp hengarane sine, og dei var godt fornøgde når dei drog. Eg og.

Førjulstreff

Årets Førjulstreff blir den 20.des. Eit samarbeid med Klakegg Grendatun som syt for drift av kafè. For meir innfo, klikk deg inn på "førjulstreff"

Hogst av juletre

No er vi i full gang med årets juletre-hogst. Takket vere gode naboar, slekt og venner, so går hogsten unna med stort tempo. Det trengst, for det mange tre som er hogstklare.

Flytta til juletreskogen

For no 2 månader sia flytta eg og Marit frå Bolset til Klakegg. Mjølkeproduksjonen på Bolset har eg no overlatt til Andreas. Marit (og litt eg) har siste tida pussa opp huset på Klakegg og i haust flytta vi inn. Da er lett og triveleg her oppe i Klakeggsbakkane

Norges flottaste juletre

I overmårå blir Norges flottaste juletre kåra. I mellomtida kan du vere med på å stemme fram det juletreet som du meina fortena den tittelen. Gå inn på ryfylke.no å gi din stemme. I kvar lansdel blir det kåra vinnarar som igjen går vidare til finalen. Etter at folkets stemmer er talt opp, skal juryen med blant andre "blomster Finn" plukke ut den endlege vinnar. Klakegg Juletreskog i lag med Wendelbo frå Lærdal representera Sogn og Fjorane og Hordaland i år.

Trygve Bolset 28.11.2020 16:18

Førjulstreff i år blir søndag den 20. des kl 12. Riding på hest og kafèdrift i grendahuset blir det ikkje, men juletresalget blir uforandra.

Magnar Sægrov 28.11.2020 13:21

Når blir salg av juletre på grendehuset ved klakegg 2020?

Nyeste kommentarer

28.11 | 16:18

Førjulstreff i år blir søndag den 20. des kl 12. Riding på hest og kafèdrift i ...

28.11 | 13:21

Når blir salg av juletre på grendehuset ved klakegg 2020?

18.12 | 21:16

Kvar dag. Lions selger mine juletre på Sandane. Frå kl 10 til 15

18.12 | 20:39

Når er det sal på Sandane denne veka?