Stell, juletrefot, historie, symboler

Stell av juletre

For at eit juletre skal halde seg fint gjennom heile jula, so er regel nr.1: Når du tar treet inn i varmen må du syta for at treet drikk vatn, normalt so treng det over 1 liter pr døgn. Eit tre som har stått ute i frost bør akklimatiserast før det blir tatt inn i stova, som for eksempel i garasja eller i ein kald kjellar. Lagringstida fram til jul må ein unngå uttørking, som ved vind eller varme. Den dagen ein skal sette treet i juletrefoten, skal ein sage vekk ca. 2 cm av rotenden, for å sikre opne porar.  Fyll so opp juletrefoten med vatn. Syt for at treet ikkje går tomt for vatn, for då startar prosessen med å lukke porane. Unngå å plassere treet nær varmekjilde. Med andre ord, behandl treet som ein snittblomst.

Juletrefot

Når du skal handle juletrefot bør du legge vekt på at juletrefoten har ein oppning som er stor nok, over 10 cm. Den bør også romme over 2 liter vatn, og er lett å ettefylle. At den er stødig og lett å montere er også viktig.
På markedet er det eit stort utval av diverse typar. Tenk gjennom det som er viktig for deg, før du handler. Lykke til!
 

Historie

Juletreskikken tok til allereie tidleg på 1500-tallet i Tyskland. Frukt og kaker vart hengt på greinene, og på 13. juledag fekk borna hauste treet. PÅ 1800-tallet vart juletreet kjent over det meste av Europa og Amerika. Til Norge reknar vi med at året var 1822, men først 1855 var det rekna som vanleg i norske heimar. Gran og furu, men også eine var vanleg å bruke til juletre. Verdas høgaste juletre skal ha stått i eit kjøpesenter i Washington i 1950, treet målte 67 meter.

Symboler

Juletreet - eviggrønt, "det evige liv"
Stjerna - Betlehemstjerna
Lys - Jesus, verdens lys
Kuler - jordkloden
Hjerteforma kurver - Jesu kjærleik til menneska
Lenker - brorskap eller solidaritet og samhald
Halmfigurer - halm frå krubba
Fuglar - Den hellige ånd

Nyeste kommentarer

28.11 | 16:18

Førjulstreff i år blir søndag den 20. des kl 12. Riding på hest og kafèdrift i ...

28.11 | 13:21

Når blir salg av juletre på grendehuset ved klakegg 2020?

18.12 | 21:16

Kvar dag. Lions selger mine juletre på Sandane. Frå kl 10 til 15

18.12 | 20:39

Når er det sal på Sandane denne veka?